Sannheten i maleriet

Alle tekstane i La vérité en peinture handlar om det eigentlege: Om kven som eigentleg har retten, om eigedomsrett og opphavsrett, om signaturen og marknaden, retten til måleriet, om marknaden for målarkunst og kultur i det heile tatt.

 

Alle tekstane i La vérité en peinture handlar om det eigentlege: Om kven som eigentleg har retten, om eigedomsrett og opphavsrett, om signaturen og marknaden, retten til måleriet, om marknaden for målarkunst og kultur i det heile tatt. Det handlar om dei store institusjonelle spørsmål om kunst, marknad og stat.


Sanninga i måleriet
Ein kan seie mangt om skrivemåten til den no avlidne franske filosofen Jacques Derrida, men ikkje at tekstane han skreiv er uoriginal og keisam akademisk gjennomsnittsprosa.

Nokre av dei mest eksperimentelle tekstane hans er samla i boka Sanninga i måleriet (La vérité en peinture), frå 1978. Boka inneheld opphavleg fire tekstar. Den fyrste teksten, «Parergon», er ei lesing av Kants Kritikk av dømmekrafta, og er ei eksemplarisk innføring i kva dekonstruksjon er. Dei to neste tar føre seg to kunstnarar (Valerio Adami og Gérard Titus-Carmel) som Derrida møtte og vart ven med i 1975. «+ R (på kjøpet)» handlar om bokstaven, eigennamnet, sjølvbiografi og den politiske fortlejinga i måleriet i tilknyting til ulike arbeid av Adami og Kartusj er skriven i tilknyting til ulike arbeid av Titus-Carmel, opphavleg med utgangspunkt i The Pocket Size Tlingit Coffin.

Den fjerde teksten, «Restitusjoner av sannheten i skonummer», er den det handlar om her. Enkelt sagt har ein med ei nærlesing av to tekstar å gjere, ein av kunsthistorikaren Meyer Schapiro og ein av filosofen Martin Heidegger, som begge tar mål av seg til å restituere sanninga ved å ta mål av skor og målte skobilete. Enkelt sagt er det slik, ja, men det er aldri enkelt å lese Derrida, som aldri gjorde enkle lesingar og aldri ganske enkelt skreiv etter ein modell oppstilt på førehand.

Problemstilling? Teori? Metode? Empiri?
I innleiinga til denne boka, som Derrida kallar «Passe-partout» (hovudnøkkel), opnar han problemfeltet med desse orda: «Eg interesserer meg for idiomet i måleriet». Sanninga i måleriet skulle då vere noko idiomatisk, ei sanning som berre finst der: I måleriet. Men ordet «idiom» blir ikkje berre bruka om det som særmerkjer målarkunsten eller stilen til ein spesiell kunstnar. Det blir faktisk i fyrste rekke bruka om spesielle ord og uttrykk i talt og skrive språk, noko som markerer at Derrida også interesserer seg for kryssingane mellom det språklege og det ikkje-språkelege i måleriet.

Restitusjoner av sannheten i skonummer har likevel inga enkel og klår problemstilling, ei rettlina utgreiing om kva for eit teoretisk perspektiv og arbeidsmetode som er nytta eller ei oppsummering av resultata. Men igjen – så enkelt er det ikkje. Teoretisk sett det tale om ei mengd perspektiv og problemstillingar – filosofiske, kunstteoretiske og psykoanalytiske – som blir trokla, fletta og tvinna saman i ein spraglete tekstvev. Metoden går, framleis heilt enkelt, ut på å skrive inn eit mangfald av stemmer i ein tekst som mimer både ein samtale mellom fleire deltakarar, ein korrespondanse mellom to og eit skodespel der ein einaste person har alle rollane. Derrida kallar sjølv teksten for ein «polylog for n + 1 kvinneleg stemme». Empirien er ganske enkelt tekstar og bilete – og Derrida gjev ei mengd oppsummeringar av resultat under vegs.


Eg har sagt til meg sjølv at polylogen handlar om – ja – skor, skopar, skor som Vincent van Gogh har måla, skosålar, føter, fotsålar, gjengangeriets logikk og mykje anna, mellom anna sanning og restitusjonar av sanninga i skonummer, måleri og ein korrespondanse mellom Heidegger og Schapiro – og om ei skildring av eit par fuktige sko som Knut Hamsun har skrive. Dette får me vite mykje om, men kva handlar teksten eigentleg om, spør eg meg sjølv heile tida.

Alle tekstane i La vérité en peinture handlar om det eigentlege: Om kven som eigentleg har retten, om eigedomsrett og opphavsrett, om signaturen og marknaden, retten til måleriet, om marknaden for målarkunst og kultur i det heile tatt. Det handlar om dei store institusjonelle spørsmål om kunst, marknad og stat.

I Restitusjonar er det aldri er godt å vite om Derrida flusar opp ein samanhengande tankegang (t.d. om kunst, marknad og stat) i mange ulike fragment eller om han troklar saman likt og ulikt frå hist og her til ein samanhengande tankegang (t.d. om sanninga i måleriet). Lesaren er prisgitt eit plurium interrogationum, eit sett av spørsmål med fleire spørsmål i eitt eller eitt i fleire, prega av double-bind-relasjonar som produserer uvisse om kva som blir kommunisert og om kva som er rammene for kommunikasjonen.

Dette er ikkje staden å gå inn på dei kompliserte mekanismane i double-bind-relasjonar, men det går an å seie så mykje som at slike relasjonar oppstår i situasjonar kor ein manglar eller blir fråtatt midlane til å skilje mellom ulike nivå i kommunikasjonen. Ein kan til dømes mangle eller ha ei forstyrra oppfatning av skiljet mellom bokstavleg og metaforisk språk, mellom fakta og fantasi, eller mellom ulike rom og ulike tider. Denne mangelen på skillemiddel produserer den stadige uvissa om kva som blir sagt, noko som i sin tur skapar uvisse om kven ein sjølv er.

Restitusjon og sanning
I møte med den uvissa som skrivemåten til Derrida produserer, og i forlenging av dei mange innfalla og ideane som dukkar opp under vegs i lesinga, vil lesaren sjølv prøve å produsere dei skillemiddla som gjer det mogleg å forvisse seg om kva som blir sagt og om kven ein er.

Eg, som kan forsikre meg sjølv om at eg er filosof og tilsett ved Institutt for Kulturstudier og Kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, har laga ein konstellasjon av stikkorda «idiom», «eigentleg» og «sanning». Det har eg gjort for å peike ut tre problemfelt som Derrida vev saman i denne teksten. Det dreier seg om spørsmål som har å gjere med (1) forholdet mellom det diskursive og det ikkje-diskursive, (2) forholdet mellom målarkunst, kunstinstitusjon og marknad og (3) forholdet mellom kunst og røyndom, forstått som eit spørsmål om sanning. Av desse tre problemfelta er det etter mi meining det siste som dominerer dei to fyrste, utan at det eigentleg gjev meg løyve til å henge heile boka på denne knaggen – ikkje eigentleg, men eg gjer det likevel.

Eg har prøvt å ta den norske tittelen på alvor og prøve å finne ut av kva «Restitusjoner av sannheten i skonummer» kan vere for noko. Kva vil det seie å restituere? Det vil seie å føre noko tilbake, til dømes å tilbakeføre eit måleri til si opphavlege (eller tilnerma opphavlege) form. Den tekniske konservatoren har til oppgåve å restituere biletet, gjennom å restaurere og konservere det, slik at det blir tatt vare på. Måleriet blir av konservatoren sett i stand, vøla og ført attende til si opphavlege form, slik at det blir «som nytt».

Ein fører måleriet tilbake for å få det fram igjen – tilbake, fram, fram og tilbake. Dette handlar det om hjå Derrida. Dette «fram og tilbake», «back and forth» «hin und her» , «d’un côté à l’autre», «fort/da», er ein slags modell for sanninga (etter modell av Heideggers a-letheia, forstått som avdekking-tildekking).


Kva tyder det at sanninga blir restituert i skonummer? Ein liten omveg kan kanskje vere til hjelp. Alle har vel ein gong teikna ei strekteikning etter nummer. Ein fylgjer ei mengd nummererte punkt med blyanten, i rett rekkefølgje, og til slutt kjem det fram ein fin figur. Nokon har kanskje måla eller brodert etter nummer òg, som er litt meir avansert, men i prinsippet er framgangsmåten den same som for strekteikninga. Ein fyller ut, med pensel og måling eller nål og tråd, ulike felt eller punkt med ulike fargar. Arbeidet skjer etter ein kode som er teikna inn på førehand, anten direkte på duken eller på eit medfylgjande kart, og resultatet blir eit fint måleri eller broderi. Ein, to, tre: Ferdig arbeid. I prinsippet gjeld det same for restitusjonar av måleri.

Kan ein få sanninga til å tre fram på same måten, ved å ta mål av, mønstre og saumfare skor eller bilete av skor, ved å måle skorne og skobileta i nummer så å seie? Ligg sanninga der fiks ferdig på førehand, slik at ein kan utferde målebrev på ho – eit brev som seier kva sanninga er, kvar ho er og kven som eig ho – ved å ta mål av skor eller målte bilete av skor? Derrida prøver ikkje på noko slikt. Men han granskar kva som er på ferde i tekstane til Heidegger og Shapiro, som begge på sin måte har tatt mål av seg til å restituere sanninga ved å ta mål av skor og målte skobilete. Dei har tatt på seg å restituere biletet, men kvifor har dei gjort det og korleis gjer dei det? Dei gjer det ved å knyte biletet til ein røyndom.

Schapiro imøtegår noko Heidegger tilsynelatande seier i sitt essay om kunstverket, nemleg at eit visst målarstykke av van Gogh avbildar eit par bondeskor. Desse bondeskorne blir av Heidegger også, slik kan det i alle fall sjå ut, tilskrive ei bondekone. Schapiro sende eit brev til Heidegger, kor han spør om Heidegger kan seie nøyaktig kva for eit bilete av van Gogh det er han omtalar i essayet sitt. Heidegger er imøtekommane, og svarar at det var eit bilete han såg på ei utstilling i Amsterdam i mars 1930.

Schapiro meinar at han kan identifisere dette biletet på basis av ein skokatalog, utarbeida av ein Herr de la Faille («Dette er åpenbart de la Failles sko nr. 255.»). Vidare meinar han å kunne fastslå både at det er van Gogh sine eigne skor som er avbilda og at dei førestiller van Gogh sjølv, og det på eit tidspunkt då han var bymann busett i Paris. Skorne høyrer altså ikkje heime på landet, men i byen. Dei tilhøyrer bymannen van Gogh. «Schapiros intensjon: a portrait of the artist as an old thing.» (s. 206, s. 216).

Her kjem Hamsun inn i biletet, eller rettare sagt ei engelsk omsetjing av Humsun, som forvekslar dei to orda «ånd» og «ånde» (sjå s. 220-21, note 103), og då byrjar det å spøke både i og for tolkinga til Schapiro.


Bakgrunnen for Schapiros forsøk på å restituere de la Failles nr. 255 er politisk, (naziengasjementet til Heidegger og den «landlege» retorikken hans), og på den bakgrunnen er det forståeleg. Det syns Derrida òg (sjå s. 88-90), men Schapiro går sjølv i denne fella han legg for Heidegger. Schapiro er så ivrig etter å vinne skorne tilbake at han går frå sans og samling. Andsynes måleria til van Gogh halusinerer Schapiro fram klåre prov på at han har rett, og skriv samstundes under på ei oppfatning av sanning som ikkje er sann: Sanninga i måleriet er sann gjengjeving. Dermed dukkar den symbolske tolkinga av nummer 255 opp. Hoc est corpus meum, «her er lekamen min», og hokkus pokkus filliokkus: «Dette er Vincents skor, dette er Vincents føter, dette er Vincents åsyn, dette er Vincents blod» (s. 213-17).

Heidegger går også frå sans og samling i møte med desse skorne, og heile denne saka – denne saksmappa som inneheld korrespondansen mellom Heidegger og Schapiro om skorne til van Gogh – er for Derrida symbolsk (s. 71-72). Heidegger og Schapiro er ikkje eit ekte, make par, men eit umake par, an odd couple, som i løynda er samde om at skorne til van Gogh er eit par og at dei tilhøyrer eller kan tilskrivast nokon, ei bondekone eller ein bymann, eit ruralt eller urbant subjekt: «Man skynder seg med å gjenoppta forbindelsen med subjektet.» (s. 73).

Det kan verke som om Heidegger fell tilbake, bak sine eigne innsikter i t.d. Sein und Zeit. Men då har ein som føresetnad at det handlar om subjektet i den vandte meininga. Det er ikkje tilfelle. Saka er langt meir samansett. Saka er den at Heidegger fyrst tar til med å tale om skor som bruksting, utan eigentleg å tale om måleriet til van Gogh. Biletet til van Gogh kjem i grunnen inn i teksten til Heidegger på merkeleg vis, som Derrida gjer nitidig greie for, men som det ikkje er mogleg å gå inn på her (sjå s. 157-91).

Derrida vil seie at Schapiro og Heidegger fører to heilt forskjellige diskursar, men to diskursar som på merkeleg vis korresponderer med kvarandre. Derrida viser korleis og kvifor det er slik. Heidegger fører ein diskurs om ting, om tre ting på ein gong, om naturting, bruksting og kunstting eller kunstverk. Denne diskursen heng igjen saman med ein diskurs om årsaksomgrepet, som igjen er knytt opp i heile det sakskomplekset ein gjerne kallar for «den seine Heidegger». Det blir for vanskeleg for meg å lage ei kort framstilling av kva som står på spel hjå Heidegger i denne saka, men heldigvis har Derrida skrive ei lang og god tekst som den interesserte lesaren kan ty til.

Men lat det vere sagt: Det Derrida gjerne vil med denne boka, Sanninga i måleriet, er å frålure filosofien den retten han gjev seg sjølv til å utseie sanninga om kunsten. Den teksten som no er omsett til norsk inngår i dette tvetydige filosofisk-antifilosofiske førehavande eller tiltaket til Derrida – også kalla dekonstruksjon.

Til slutt
Eg vil nytte høvet til å skryte av ARTES-serien til Pax Forlag. Denne boka er nummer 13 i ei imponerande rekkje av utgjevingar, og ein gjer seg så smått ei von om at tenkinga omkring kunst kanskje kan nå eit høgare nivå her i landet.

Alle illustrasjonane frå den franske originalen er tatt med og dei er i fargar. Det er bra, men kvifor kunne ein ikkje ha plassert illustrasjonane inn på dei stadane kor det er tilvising til dei i teksten?

Eg innbiller meg at den kunstinteresserte ålmenta kan lære noko av denne utgjevinga, om kor lett og kor vanskeleg det er å tenkje om kunst. Det er alt for lett og alt for vanskeleg samstundes. Derrida viser oss dette, samstundes som han kjem med innspel til forklåringar på kvifor det er slik. Eg innbiller meg også at kunsthistorikaren/filosofen/den profesjonelle akademikaren kan lære seg å lese tekstar varsamt, nøye og med meir glede enn vanleg. Ein må berre hugse på å ikkje lese slik ein vanlegvis les. Mest av alt innbiller eg meg at utøvande biletkunstnarar kan lære seg å tenkje betre om forholdet mellom det diskursive og det ikkje-diskursive, dvs. om forholdet mellom språkbruk, kunstinstitusjon(ar) og handverket som handlingsbore uttrykk.

Ragnar Braastad Myklebust har tatt på seg det tidkrevjande arbeidet med å få Derrida til å fungere i norsk språkdrakt. Så langt eg kan vurdere det har han lukkast godt. Han har gjort eit val, og eit vanskeleg val må de ha vore, som forstyrrar det rike og mangetydige språklege universet til Derrida. Etter modell frå den tyske omsetjinga har han valt å markere tve- og fleirtydige ord med ein skråstrek, slik at dei tydingane Derrida spelar på i den franske originalen blir tilgjengeleg for den norske lesaren. Det gjer at teksten blir sakleggjort, meir omstendeleg å lese og noko flatare enn det Derrida eigentleg er.

Ingen kan lenger lære noko av Jacques Derrida. Då er det godt å vite at tekstane hans, og eg trur i lang tid framover, kan løyse ut noko vesentleg hjå dei som veit å lese med glede og tolsemd. Difor er det svært gledeleg at me no har Restitusjoner av sannheten i skonummer på norsk.

Diskussion